Forsking og utvikling

  • Prisvinnar i humanistisk tradisjon

    Publisert

    FoU-prisen for 2009 vart sist torsdag tildelt professor Michael Schulte ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Mange møtte fram til prisutdelinga i biblioteket, og dei fekk med seg vakker musikk, fine taler og god mat.

  • Mastermøte på Forskingsdagane

    Publisert

    Torsdag ettermiddag kan du møte fire ferske masterar frå Avdeling for samfunnsfag og historie. Stikkord for foredraga deira er likestillingspolitikk, byutvikling, legemiddelbruk og depresjon hjå ungdom.

  • Sjå svara frå nettmøtet med Øystein Sande i dag

    Publisert

    Tysdag markerte mediemiljøet ved Høgskulen i Volda 200-årsjubileet for etableringa av Norsk Landboeblad med eit pressehistorisk seminar. Før seminaret lanserte Øystein Sande si nye bok om Sivert Aarflot på nettmøte og pressekonferanse. Her finn du spørsmåla og svara frå nettmøtet.

  • Forskingsdagane 2009 i gang

    Publisert

    I dag går startskotet for den nasjonale forskingsfestivalen. På små og store stader over heile landet vil det vere ulike arrangement. Først ute i Volda er bokaktuelle Jan Inge Sørbø, som du kan møte i høgskulebiblioteket måndag kveld.

  • Arnfinn Kjelland med i stort nasjonalt forskingsprosjekt

    Publisert

    – Dette er eit viktig steg mot etablering av ein historisk befolkningsdatabase for Noreg, seier førsteamanuensis Arnfinn Kjelland, som gjennom mange år har arbeidd med utvikling av datasystem som effektiviserer registreringa og styrkjer kvalitetssikringa i arbeidet med befolkningsdelen i bygdebøker.

  • FoU-prisen 2009 til Michael Schulte

    Publisert

    FoU-prisen ved Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda går i år til professor Michael Schulte ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Prisen, som er på 30.000 kr, vert delt ut under Forskingsdagane 24. september på ei tilstelning i biblioteket.

  • Jan Inge Sørbø med Olav Aukrust-biografi

    Publisert

    - Olav Aukrust er ein diktar det er svært lite kunnskap om, uttaler Jan Inge Sørbø. HVO-professoren har dei to siste åra arbeidd med ein biografi om den særmerkte og gåverike diktaren frå Gudbrandsdalen. Tysdag 18. august lanserer Det Norske Samlaget boka, som har fått tittelen "Ørneflukt og ormegard. Ein biografi om Olav Aukrust".

  • Bjørg Olsen Eikrem si avhandling utgitt på tysk forlag

    Publisert

    Eikrem disputerte i 2006, og no har doktorgradsavhandlinga hennar kome ut som bok på eit tysk forlag. I boka, som har tittelen <i>Teaching English as a foreign language in the 21st century</i>, er hovudtemaet didaktikkfeltet og engelskundervisninga i grunnskulen.

  • Papiravisen død om 45 år?

    Publisert

    Med farten i dagens opplagsnedgang vil det ta 45 år før avisopplaget vil bli halvert, skriver Kampanje i dagens nettavis. - En slik utvikling bør avisene kunne leve med, sier medieforsker Sigurd Høst ved Høgskulen i Volda.

  • Fin auke for Høgskulen i Volda

    Publisert

    – Høgskulen i Volda (HVO) har hatt ein fin søknadsauke gjennom samordna opptak, kommenterer rektor Jørgen Amdam. Sett i forhold til same tidspunkt i fjor, har vi 11 % fleire tilbod og 5,5 % fleire positive svar. Det har samanheng med auken i førstevalssøkjarar totalt, frå 2809 i 2008 til 3215 i 2009.