Forsking og utvikling

  • Elevutvikling og skulens læringskultur i praksis

    Publisert

    Høgskulelektor Roy-Asle Andreassen og stipendiat Siv Måseidvåg Gamlem har forska på elevutvikling og skulens læringskultur. Dei er no aktuelle med eit kapittel i boka ”Vurdering, prinsipper og praksis. Nye perspektiver på elev- og læringsvurdering".

  • Posterpris til inspirasjon

    Publisert

    Intensivsjukepleiar og tidlegare mastergradsstudent i helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering, Inger Hilde Hagen, vann posterprisen på Helse Midt-Noregs forskarkonferanse torsdag 4. juni. Posteren var henta frå masteroppgåva hennar.

  • Samfunnsforsking – eit spennande og givande arbeidsfelt

    Publisert

    Dagens leiarar skal utøve leiarskap i tråd med eit samfunn i kontinuerleg omstilling. Det er ei utfordring å forstå kvifor det er slik. - Samfunnsforsking er eit utruleg spennande og givande arbeidsfelt, seier tidlegare mastergradsstudent Marte Hanche-Dalseth.

  • Stephen J. Walton er tildelt Melsom-prisen 2009

    Publisert

    Professor Stephen J. Walton ved Høgskulen i Volda er tildelt Melsom-prisen 2009 for boka Skaff deg eit liv! Om biografi. – Dette er ei veldig kjekk påskjøning, kommenterer ein oppglødd professor frå Lillehammer, der utdelinga fann stad under Norsk Litteraturfestival torsdag kveld.

  • Høgskulen med i prosjekt om lokal klimaplanlegging

    Publisert

    Utfordringane knytt til klimaendring er store og komplekse, og aktuelle tiltak omfattar innsats på ulike samfunnsområde og samfunnsnivå. - Fokuset på lokal klimaplanlegging dannar utgangspunktet eit tverrfagleg prosjekt med deltaking frå ENØK-senteret i Ørsta, energiselskapet Tussa Kraft, Volda og Ørsta Reinhaldsverk, Høgskulen i Volda og Møreforsking Volda, seier førstelektor Sveinung Dimmen.

  • Birger Løvlie og Jan Ove Ulstein tilkjent dosentkompetanse

    Publisert

    Førstelektorar ved universitet og høgskular kan etter ei ny forskrift søkje eigen institusjon om opprykk til dosent. Styret for Høgskulen i Volda (HVO) gjorde nyleg vedtak om personleg opprykk til dosent for Birger Løvlie og Jan Ove Ulstein ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning. Løvlie og Ulstein vart soleis dei første ved HVO som er blitt vurderte og fått dosentkompetanse etter denne ordninga.

  • HVO-professor med i rammeplanutvalg for ny lærerutdanning

    Publisert

    Professor Kåre Heggen ved Avdeling for samfunnsfag og historie er valgt ut til å være med i et nasjonalt utvalg for ny lærerutdanning. Utvalget skal utarbeide et forslag til nasjonal rammeplan for utdanningen.

  • Ny professor ved Høgskulen i Volda

    Publisert

    Arnljot Løseth vart nyleg tilkjent professorkompetanse i historie. Løseth har vore tilsett ved Historisk institutt ved Distriktshøgskulen /Høgskulen i Volda sidan 1985, frå 1995 som førsteamanuensis. Løseth har særleg arbeidd med sosial- og regionalhistoriske problemstillingar, i den seinare tida også med kyst- og fiskerihistorie.

  • Gamle menn i nye roller

    Publisert

    Ein ny studie frå Høgskulen i Volda syner at mennene til demensramma kvinner gjer ein imponerande innsats for at ektemakane skal ha gode livsvilkår trass i alvorleg sjukdom. Studien er knytt til Helse Sunnmøre HF og Nasjonalt kompetansesenter for læring og meistring.

  • Paul Bjerke disputerer torsdag

    Publisert

    Mag.art. Paul Bjerke disputerer torsdag 30. april ved Universitetet i Oslo med avhandlingen "Refleks eller refleksjon? En sosiologisk undersøkelse av journalistisk profesjonsmoral".