Forsking og utvikling

  • Svein Brurås disputerer

    Publisert

    Cand.theol. Svein Brurås disputerer fredag 24. april ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Kriminaljournalistikkens etikk. PFU-uttalelser belyst fra tre moralfilosofiske posisjoner".

  • Stor auke i vitskapleg publisering

    Publisert

    2008 var eit svært godt år for vitskapleg publisering ved Høgskulen i Volda. Tala i databasen for høgare utdanning (DBH) viser at fagtilsette til saman har skaffa 87,8 publiseringspoeng, noko som er ein auke på 66 % samanlikna med 2007.

  • Kunnskap i ei krisetid

    Publisert

    "Eg trur faktisk at den store utfordringa i krisa framover er behova for grunn-, etter- og vidareutdanning av godt vaksen ungdom i alle aldrar! Vi må sette nytt fokus på livslang læring." Dette skriv rektor Jørgen Amdam i ein kronikk i Kommunal Rapport.

  • 1968-opprøra i norske aviser

    Publisert

    Førstelektor Rolf Werenskjold har nyleg skrive ein artikkel i Scandinavian Journal of History om korleis dei globale protestane i 1968 vart sette på dagsorden i dei største norske avisene. Tidsskriftet Scandinavian Journal of History vert utgitt av historikarforeiningane i Danmark, Sverige, Island, Finland og Noreg, og er eit nordisk prestisjetidsskrift for historikarar. Werenskjolds artikkel kom ut i eit eige spesialnummer om 1968-opprøret i Skandinavia.

  • Professor med slagord ”språkhistorie nedanfrå”

    Publisert

    Michael Schulte fekk professoropprykk før årsskiftet, og er no tilsett som professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Michael er utdanna frå Universitetet i Bonn og Reykjavik, og er lidenskapleg oppteken av nordisk språk og kultur. Forskinga hans går på nordisk språkhistorie, runologi og skriftkultur. Slagordet hans er ”Språkhistorie nedanfrå” som han sette lys på t.d. i Maal og Minne 2/2008.

  • Seminar om Jostein Fet og bokhistorie

    Publisert

    Måndag 19. januar vert det halde eit seminar ved Nasjonalbiblioteket i Oslo med tittelen "Det lokale i den nasjonale bokarven. Arkivgaven fra Jostein Fet". Det sentrale innhaldet i seminaret er dei bøkene Jostein Fet har skrive om den lokale bokkulturen på Sunnmøre og i Nordfjord.

  • Doktordisputas: Marie Nedregotten Sørbø

    Publisert

    Cand.philol. Marie Nedregotten Sørbø disputerer fredag 9. januar for PhD-graden ved Universitetet i Oslo med avhandlinga "Jane Austen's Irony as Received in Film Adaptations".

  • Ny bok: Gud for kvarmann

    Publisert

    Universitetsforlaget gjev no ut boka "Gud for kvarmann. Kyrkja og den nye religiøsiteten" av professor Per M. Aadnanes ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag (RLK), AHL. Denne boka fortel historia om møtet mellom norsk kyrkjekristendom og den nyreligiøsiteten som gjorde seg gjeldande her til lands frå ca. 1970 og fram mot tusenårsskiftet.

  • Vestad gir ut ordliste i moldedialekta

    Publisert

    Høgskulelektor Jon Peder Vestad ved Høgskulen i Volda gir ut Moldeordlista med over 1100 oppslagsord som er eller har vore brukte i rosenes by, Molde. Mediespråkeksperten kommenterer at ordboka passar godt for folk frå Molde, eller for folk som vil forstå dei.

  • Verdifull kunnskap for arbeidslivet

    Publisert

    Rebekka Wilhelmsen Solheim (28) er spesialpedagogisk rådgjevar ved PPT for Indre Sunnfjord. Ho var ferdig med mastergrad i spesialpedagogikk ved høgskulen i vår, og tykkjer at studiet har gjeve verdifull kunnskap til å kunne gå ut i arbeidslivet. – Eg har alltid vore oppteken av korleis ein kan leggje til rette og tilpasse opplæringa for alle dei ulike elevane ein møter i ei klasse, og har sett utfordringane i praksis gjennom arbeid i skulen på ulike klassetrinn, seier ho.