Forsking og utvikling

  • Seminar om kulturmøte: “The view from across the North Sea”

    Publisert

    - “The view from across the North Sea,” med undertittelen "19th century Norway seen through Scottish eyes" er eit foredrag av universitetslektor Dr. Andrew Newby frå The University of Edinburgh som vert halde onsdag 21. feb. som ein del av ei seminarrekke om kulturmøte ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag, og Historisk institutt ved Høgskulen i Volda.

  • Volda-historikar med professor-opprykk

    Publisert

    Oddbjørn Melle, historikar ved Høgskulen i Volda, har fått opprykk til professorkompetanse i stillinga si. Det vil seie at det no er heile tre professorar som er tilsette ved Historisk institutt.

  • Kunnskapsminister Djupedal på visitt ved HVO: - Høgskulen er ein motor i distriktet

    Publisert

    Kunnskapminster Øystein Djupedal har i går og dag vore på besøk ved Høgskulen i Volda. I formiddag fekk han orientering frå prodekan Odd Ragnar Hunnes i allmenlærarutdanninga om utfordringar knytt til både evaluering av denne avdelinga og Kunnskapsløftet. Rektor Stave fortalde om planar for eit produksjonssenter for kultur. Djupedal kvitterte med å ikkje love noko, men sa han sett stor pris det som er av intitativ her.
    - Høgskulen i Volda er ein motor i distriktet, sa Djupedal.

  • Historikar ved HVO skal forske på europeisk innverknad på sagasjangeren

    Publisert

    Hans Jacob Orning, førsteamanuensis i historie ved Høgskulen i Volda, skal frå 2008 og tre år framover ta del i eit omfattande forskingsprosjekt der ein skal sjå på transformasjonen av sagasjangeren i Skandinavia i mellomalderen. Denne fann stad fordi ein hadde ein massiv påverknad frå europeisk litteratur.

  • Volda-forskarar med bok om tilpassa undervisning

    Publisert

    Seks forskarar ved Høgskulen i Volda kan i desse dagar presentere nye forskingsresultat om kva som faktisk skjer i grunnskulen. I boka ”Begynnaropplæring og tilpassa undervisning”, har ein vore fluge på veggen i 1. til 4. klasse. – Dette er ei viktig bok, fordi mykje av det som vert formidla i lærarutdanninga, dreier seg om kva som bør skje, og ikkje kva som faktisk skjer, seier professor i pedagogikk, Peder Haug.

  • Mediehistorikar med publikasjonar om utanriksjournalistikk

    Publisert

    Førstelektor og mediehistorikar Rolf Werenskjold ved Avdeling for mediefag har nyleg kome med tre artiklar; to i Pressehistoriske skrifter og ein i det idéhistoriske tidsskriftet Arr. - Artiklane tek føre seg utanriksjournalistikk og sentrale korrespondentar som var med å forme synet på utlandet i ein relativt viktig periode i etterkrigstida, seier Werenskjold.

  • Historikarar med praktverk om havfiskeflåten

    Publisert

    Historikarane Arnljot Løseth, Atle Døssland, og Oddbjørn Melle har vore med å skriftfeste historia til havfiskeflåten i Møre og Romsdal og Trøndelag i to bind. – Det er nesten ikkje eit spørsmål ein ikkje kan få svar på når ein går ned til primærkjeldene, seier prosjektleiar Løseth om arbeidet.

  • Prøveførelesingar ved Mastergraden i nynorsk skriftkultur

    Publisert

    Onsdag 13. desember vert det halde tre opne prøveførelesingar ved Ivar Aasen-instituttet i tilknyting til avsluttande eksamen ved Mastergraden i nynorsk skriftkultur. Ei av dei tre er Ragnhild Bjørge (bilete) som har "Ideologiar i norskdomsrørsla i mellomkrigstida" som tema.

  • FORNY-midlar på 200.000 kroner til HVO

    Publisert

    6. desember sa programstyret for FORNY ja både til HVO sin eigen søknad på kr 200.000 og til FORNY Møre, som søkte om og fekk 150.000 kr. - Dette er svært gledeleg, ikkje minst med tanke på regionalt samarbeid, melder høgskulelektor Bjørn Gunnar Tafjord, som er prosjektleiar for FORNY HVO 2007.

  • Paul Bjerke og Evelyn Dyb: Journalistikk i risikosamfunnet

    Publisert

    Stipendiat i presseetikk ved Avdeling for mediefag Paul Bjerke er sammen med Evelyn Dyb i ferd med å utgi en ny bok om journalistikk på Abstrakt Forlag. "Journalistikk i risikosamfunnet" anvender Ulrich Becks og Anthony Giddens sosiologiske teorier som utgangspunkt for en kritisk analyse av dagens journalistikk.