Om Høgskulen i Volda

  • Forskingsdagane: Matkultur på Volda bygdetun

    Publisert

    Søndag frå kl. 13.00 til 16.00 står Heidi Brunstad, Erik Fooladi og studentar frå "Mat, kultur og konservering" for familiedagen på Volda bygdetun. Det har vorte ein hausttradisjon med matkulturelle opplevingar under Forskingsdagane.

  • Kvifor Volda?

    Publisert

    Høgskulen i Volda har hatt ei fin auke i søknaden til allmennlærarutdanninga dei siste par åra. I år er det nesten 100 nye studentar på den fireårige utdanninga. – Nærleik til heimstaden, studiemiljøet og eit inntrykk av god fagleg kvalitet ved utdanninga er dei viktigaste grunnane til å velje Volda, seier informasjonsleiar Brandal.

  • Spørjeundersøking for HVO-studentar haust -06

    Publisert

    - Det vart i dag sendt ut ei spørjeundersøking til ca 600 studentar på ulike studium ved Høgskulen i Volda som eit ledd i å betre sørvis og informasjon i studentmottaket, seier informasjonsleiar Per Arne Brandal.

  • 10-års jubileumskonsert med Kaarstadbygget

    Publisert

    Søndag 1. oktober kjem vokalgruppa ”Kaarstadbygget” tilbake til Volda der dei starta som studentkor for 10 år sidan. Vokalgruppa består av ni menn i alderen 26 – 36 år som alle har studert ved Høgskulen i Volda.

  • Forskingsdagane: Frå nynorsk hiphop til FoU-pris

    Publisert

    Fredag 22. september startar dei årlege Forskingsdagane. Over heile landet vert det store og små arrangement, der alle som har lyst, kan få innblikk i fag og forsking. I Volda opnar Forskingsdagane med foredrag og musikk med mellom anna Side Brok.

  • Fem studentar om oppstartsveka

    Publisert

    Førstelinjetenesta sin utsendte, Brigt Ove Vaage, tok seg ein tur rundt i kantina og spurte fem tilfeldig utvalde studentar om kva dei synest om oppstartsveka. Spørsmåla var: Korleis synest du oppstartsveka har vore i år? Har du negative kommentarar? Her finn du svara.

  • Høgskulen sin mann tek den store Styrkeprøven

    Publisert

    - Til helga syklar Jørn Harald Persson (39) frå IT-kontoret ved Høgskulen i Volda dei 540 km frå Trondheim til Oslo i den store Styrkeprøven saman med 3500 andre sykkelentusiastar. - Målet er å fullføre innanfor maksimalgrensa på 30 timar, seier Jørn.

  • Samordna opptak: 11 prosent fleire primærsøkjarar til HVO

    Publisert

    - Opptakstala frå Samordna opptak (SO) viser at vi har ein fin auke i talet på søkjarar totalt sett og ikkje minst i talet på primærsøkjarar, seier ein nøgd rektor Gunnar Stave. Spesielt gledeleg er det å registrere auken i søknaden til allmennlærarutdanninga, førskulelærarutdanninga, norsk, historie og fleire praktisk-estetiske fag.

  • Høgskulen i Volda har innført elektronisk sakshandsaming

    Publisert

    - Det har gått fint – og vi ser at dei mest aktive brukarane allereie er godt i gong, melder Anne Helen Sundalsfoll, Turid Skaare Evensen og Hilde Skaare Fossheim ved Arkivet. I dag har Høgskulen i Volda gått over til å nytte elektronisk sakshandsamarsystem, og alle dei gule saksmappene er no lagde i skuffa for godt.

  • Millom Bach og belg

    Publisert

    BGO Arkitekter og Medplan AS vann konkurransen om beste skisse til det nye kultur- og kompetansesenteret i Volda. – Vinnarprosjektet er innovativt formidlande og viser ei sterk forankring til stad og landskap, seier leiaren i innOvata Hallvar Vassvik.