Teater og drama (Bachelor)
Korleis vert ei framsyning laga? Kva er forskjellen på å dubbe ein animasjonsfilm og lese inn ei lydbok? Korleis vert ei tekst analysert og tolka og eit ensemble skapt? Korleis bli ein betre forteljar? Om du vil utvikle deg som utøvar i eit kreativt studentmiljø og lære å bruke teater og dramakunnskapar på ulike arenaer, er dette studiet for deg.
Bachelorstudiet i teater og drama er eit treårig studium som består av 180 studiepoeng. Av dette utgjer fordypninga i teater og drama 150 studiepoeng. Studiet vil gi deg brei erfaring med, og kunnskap om teater og dramafaget. Studentane i teater og drama utdannes til sjølvstendige, skapande utøvere, som gjennom arbeid med ulike teaterfaglige retningar og metodar skal utvikle sitt personlege uttrykk.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten
- har kunnskap om teaterhistoriske retningar og tradisjonar, og utvalde teaterfornyarar.
- har kunnskap om sentrale drama- og teaterfaglege teoriar og problemstillingar.
- har kunnskap om sentrale drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar.
- har kunnskap om utvalde retningar innan adaptasjon og manusutvikling.
- har kunnskap om eit bredt spekter av formidlings- og kommunikasjonsformer i ulike media.
- kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode.
Studenten
- har ferdigheiter i utvalde skodespelteknikkar i ulike media.
- kan nytte drama- og teaterkunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar og analysere relevante kunstnarlege uttrykk.
- kan nytte drama- og teaterkunnskapar og metodar på faglege og samfunnsmessige arenaer og grunngje vala sine.
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg åleine og saman med andre.
- kan bruke drama- og teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling.
- kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretisk og praktiske oppgåver.
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar.
- kan planleggje, gjennomføre og vurdere varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer.
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis.
a) Arbeids- og undervisingsformene
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar
- workshops
- praktisk undervisning
- framsyningar
- regiarbeid
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
- førelesingar.
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrevne morgontreningar.
b) Progresjon
For å oppnå bachelorgrad må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Teater- og dramastudiet har 120 obligatoriske studiepoeng. Resterande 60 studiepoeng er valbare drama og teateremne, og kan erstattes med valfrie støtteemne frå andre fag eller eit utreisesemester.
3.semester er utreisesemester for studentane i bachelorløpet.
Studentar som har teke teater og drama frå andre høgskular/universitet kan få dette godskrive som del av graden etter søknad.
Emna i første studieår tilsvarar årsstudium i Teater og drama. Studentar som har fullført årsstudium kan difor søkje overgang til bachelorgraden innan gitt frist, og ta direkte til på andre studieår.
c) Frammøte
All undervisning er obligatorisk, med eit godkjent frammøte på minimum 80%. Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
d) Vurderingsformer
Studiet inneheld mange ulike vurderingsformer:
- Skriftlege individuelle og gruppeinnleveringar
- Teaterproduksjonar
- Forteljar framsyning
- Manusarbeid
- Analysar
- Munnlege samtalar
- Føredrag
- Seminar/workshops
- Bacheloroppgåve
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring | 2017 Autumn | 2018 Spring | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|---|---|---|---|
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | ||||||
15 | ||||||
30 | ||||||
Sum (195 total) | 30 | 30 | 45 | 30 | 30 | 30 |
Studiet legg opp til eit utlandsopphald i 3. semester ved eit av våre partnaruniversitet.
Utlandsopphaldet kan evt. erstattast av 2 engelskspråklege emner i teater og drama (Adaptation and scriptwriting, and From Ibsen to Fosse).
- Det er lagt inn ei obligatorisk studiereise i andre studieår til eigen kostnad.
- Det er lagt inn fleire obligatoriske teaterbesøk og kortare ekskursjonar til eigen kostnad i løpet av studiet.
- Det vert lånt ut klassesett med manus til studentane. Manglande innlvering av manus gjev ei avgift på kr. 100,- per manus.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)