Kunst og handverk (bachelor)
Bachelorprogrammet i kunst og handverk har feste i kunstnariske og kulturelle uttrykksformer, estetiske opplevingar og skapande handling. Utvikling av kunnskap i utdanninga handlar om å øve praktiske ferdigheiter gjennom eigen aktivitet og refleksjon forankra i teori og faktakunnskap. Studiet er kjenneteikna ved samanheng mellom studenten si eiga kreative utvikling og deira evne til å legge til rette for læring. Det praktisk skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar og omfattar fagdidaktikk og kunst- og formkultur. For å få formell undervisningskompetanse for grunn- og vidaregåande skule, må ein i tillegg ha fullført eit praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp). Graden kan nyttast som grunnlag for vidare søking innan kunstfaglege utdanningar og masterprogram.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
- har inngåande kunnskap i fagområdet formgiving, kunst og handverk, og solid kunnskap om faget som skule-, kultur- og forskingsfaga
- har kunnskap om lovgrunnlag, skulen sitt føremål, verdigrunnlag, læreplanar
- har kunnskap om læring, utvikling og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og fleirspråklege kontekstar.
- har handlingskompetanse og evne til å grunngje faglege val med praksisskulen som utprøvingsarena
- har anvendt kunnskap og forståing for entreprenørskap som grunnlag for enkeltelevar sin personlege kunnskap om gjenbruk og økologisk perspektiv knytt til fagområdet.
- har kunnskap om kunst- og handverksfaget si historiske utvikling, og estetikken sine røter og vitskapelege basis samt fagdidaktisk og pedagogisk teori i dei praktiske og estetiske fagområd
- kan leie barn og ungdom i deira eige skapande arbeid med ulike materialar ut frå ei reflektert haldning til, og kunnskap om faget og formidlarrolla
- kan meistre prosessen med å utvikle ein idé, planleggje og gjennomføre produksjonsprosesser fram til ferdig form, dokumentere, vurdere eigen utøvande prosess og vise praktisk handlag
- kan nytte kreative prosessar i problemløysing, produktutvikling og estetisk skapande arbeid i materialar, til dømes entreprenørskap som læringsmetode
- kan bruke analyseverkty og formidle kunst og formkultur på varierte måtar, og sjå samanheng mellom ulike kulturuttrykk, barn si skapande verksemd og eige arbeid
- kan bruke digitale medium i skapande arbeid, i skule og formidling
- kan leggje til rette for estetisk utfalding, oppleving og erkjenning gjennom ulike typar presentasjonar og aktivisere elevar i arbeid med utstilling av eigne produkt
- kan bruke gjeldande læreplanar for grunnutdanninga, formulere oppgåver som fremjar grunnleggjande ferdigheiter, og meistrar læringsretta vurderingspraksis
- kan planleggje, organisere og vedlikehalde verkstadar til bruk i kunst og handverk
- kan bruke digitale læringsarenaer til formidling av fagstoff og eiga fagleg oppdatering
- kan utnytte faget sitt potensiale til å fremje gjenbruk og bærekraftig utvikling
- kan nytte seg av forskingsresultat i eige arbeid og undervisning
- kan reflektere over relevante HMS- tiltak knytt til fagområde, materialar og verkstadar
- kan bruke verdiar i faget til å stimulere eiga personlegdomsutvikling og danning
Bachelorprogrammet går over 3 år, og utgjer 180 studiepoeng. Anbefalt løype ser slik ut:
1. studieår:
- Visuell kommunikasjon (KOH131), 15 stp.
- Funksjonell design (KOH134), 15 stp.
- Kunst- skaping og formidling (KOH133), 15 stp.
- Fagdidaktikk, kunst og formkultur (KOH138), 15 stp.
2. studieår:
- Tekstil - design og redesign (KOH117), 15 stp.
- Tre - tradisjon og fornying (KOH115), 15 stp.
- Arkitektur i skulen (KOH132), 15 stp.
- Objekt i rom (KOH204), 15 stp.
3. studieår:
- Leire - funksjon og handverk (KOH116), 15 stp.
- Visuell kommunikasjon II (KOH203), 15 stp.
- Bacheloroppgåve i KOH (KOH202), 15 stp.
- Entreprenørskap i kulturnæringar (KOH139), 15 stp.
Haustsemesteret 3. år kan studentane alternativt velje å ta ved utdanningsinstitusjon i utlandet. Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar frå andre høgskular og universitet inn i bachelorgraden. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane. Det er obligatorisk frammøte/deltaking ved studie, jamfør Forskrift om studium og eksamen § 4-6 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§4-6. d).
Course | 2016 Autumn | 2017 Spring | 2017 Autumn | 2018 Spring | 2018 Autumn | 2019 Spring |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 15 | 15 | 15 | 15 |
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Valfrie emne | 30 | |||||
Valfrie emne ved Kunst og handverksseksjonen | ||||||
15 | ||||||
15 | ||||||
Sum (150 total) | 30 | 30 | 15 | 15 | 45 | 15 |
HVO tilbyr eit rikt utval av samarbeidande institusjonar.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.